Stemmerett og manntal

Stemmerett
 

  


For å kunne stemme ved stortingsvalet 2025 må du

  • Vere norsk statsborgar
  • Ha fylt 18 år innan utgongen av 2025
  • Vere eller ha vore registrert som busett i Noreg
     

Norsk personell som arbeider ved ein norsk ambassade eller konsulat i utlandet kan òg stemme, sjølv om dei ikkje er registrert som busett i Noreg. Dette gjeld òg familien deira (husstandsmedlemmar). 
 


Manntal

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett den 30. juni 2025. O

m du har flytta og ønskjer å stemma i den nye kommunen, må du melda flytting til folkeregisteret innan 30. juni. Har du flytta etter 30. juni, beheld du stemmeretten i kommunen du flytta frå. 

På valdagen kan du berre stemma i den kommunen du er manntallsført i.


Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i:

  • Har du vore busett i Noreg dei siste 10 åra, blir du ført automatisk inn i manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.
  • Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer.


Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstandsmedlemmene deira, som aldri har vore registrert som busett i Noreg, blir førte inn i manntalet i Oslo kommune.

 

Slik sjekkar du om du står i manntallet

Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg. Om du meiner at du eller nokre andre er feilaktig registrert eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at feilen blir retta. 

Eit skriftleg og grunngitt krav om retting av manntalet skal sendast til valstyret i kommunen.

Manntalet blir lagt ut på følgjande plassar i veke 28:

  • Servicetorget på kommunehuset i Bø
  • Biblioteket i Bø

Kontakt

Valstyret i Midt-Telemark kommune
E-post
Telefon 35 05 90 00

Adresse

Midt-Telemark kommune
v/valstyret
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

 

Svein Taranrød
Avdelingsleder Politisk sekretariat
E-post
Telefon 91 11 20 54

Kontakt ved spørsmål om politisk møtebehandling, salg-, skjenke- og serveringsbevillinger, etablererprøver, valg, vigsel og politiske saker.

Jeanett Kaasa
Spesialkonsulent
E-post
Telefon 48 26 16 51

Kontakt ved spørsmål om salg-, skjenk- og serveringsbevillinger, kunnskapsprøver, etablererprøver, TV-aksjon, valg og borgerlig vigsel.