Stemmerett og manntal

Stemmerett
 

  


For å kunne stemme ved stortingsvalet 2025 må du

  • Vere norsk statsborgar
  • Ha fylt 18 år innan utgongen av 2025
  • Vere eller ha vore registrert som busett i Noreg
     

Norsk personell som arbeider ved diplomatiske og konsulære stasjonar (som ambassadar og konsulat) i andre land kan òg stemme, sjølv om dei ikkje er registrert som busett i Noreg. Dette gjeld òg familien deira (husstandsmedlemmar). Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Noreg, skal dei manntalsførast i Oslo kommune.
 


Manntal

Manntalet er oversikten over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå innført i manntalet.

Alle personar med stemmerett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein anna kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta ifrå.


Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i:

  • Har du vore busett i Noreg dei siste 10 åra, blir du ført automatisk inn i manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.
  • Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer.


Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstandsmedlemmene deira, som aldri har vore registrert som busett i Noreg, blir førte inn i manntalet i Oslo kommune.

Slik sjekkar du om du står i manntallet

Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg. Personar som meiner at dei sjølv eller andre feilaktig har vorte innførte i eller utelatne frå manntalet i kommunen, kan krevja at feilen blir retta.

Eit slikt krav må vera skriftleg og grunngitt og skal sendast til valstyret i kommunen.

Kontakt

Valstyret i Midt-Telemark kommune
E-post
Telefon 35 05 90 00

Adresse

Midt-Telemark kommune
v/valstyret
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

 

Svein Taranrød
Avdelingsleder Politisk sekretariat
E-post
Telefon 91 11 20 54

Kontakt ved spørsmål om politisk møtebehandling, salg-, skjenke- og serveringsbevillinger, etablererprøver, valg, vigsel og politiske saker.

Jeanett Kaasa
Spesialkonsulent
E-post
Telefon 48 26 16 51

Kontakt ved spørsmål om salg-, skjenk- og serveringsbevillinger, kunnskapsprøver, etablererprøver, TV-aksjon, valg og borgerlig vigsel.