Midt-Telemark kommune

Avsluttar utdeling av covid-19-testar

Avsluttar utdeling av covid-19-testar

Frå og med torsdag 17. november får du ikkje gratis covid-19-testar på servicetorget i kommunehuset i Bø. Dette er i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar:

•    Rådet ved nyoppstått luftvegssymptom er å halda seg heime når ein kjenner seg sjuk, uavhengig av årsak.

•    Lege rekvirerer covid-19-testar etter ei medisinfagleg vurdering, på lik linje med andre luftvegsinfeksjonar. 

•    Folkehelseinstituttet har hovudansvaret for å gi smittevernråd.

Smittevernråd hos Folkehelseinstituttet (https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/smittevernrad-for-befolkningen/)