Folkehelseundersøkinga i Telemark 2025

Hausten 2025 får 60 000 telemarkingar svare på spørsmål om eiga helse, livskvalitet og trivsel.

 

 

 

 

I september og oktober 2025 gjennomfører Telemark fylkeskommune folkehelseundersøkinga i samarbeid med kommunane og Folkehelseinstituttet. Førre gong folkehelseundersøkinga blei gjennomført var i 2021.

Kva er formålet med folkehelseundersøkinga?

Formålet med folkehelseundersøkinga er å lære meir om helse, trivsel og livskvalitet blant vaksne i Telemark. Folks eigne erfaringar og opplevingar er viktige å ha med når fylkeskommunen og kommunane skal utforme tiltak for å gjere Telemark til ein enda betre stad å bu og leva, for alle.

 

Kva blir det spurt om?

Spørsmåla omhandlar helse, trivsel og andre forhold som har betydning for folkehelsa. Det tek i snitt 15 minutt å svare på undersøkinga. Den er tilgjengeleg på nynorsk og bokmål.

 

Kven kan delta i folkehelseundersøkinga?

Undersøkinga er berre for personar som er 18 år og eldre. Deltakarane blir trukne ut tilfeldig frå Folkeregisteret, og det er berre dei som blir invitera som kan svare. Deltakarane skal representere eit tverrsnitt av befolkninga.

 

Korleis gjeng folkehelseundersøkinga føre seg? 

Undersøkinga er nettbasert. Dersom du er vald ut til å delta, mottar du ei personleg lenke via SMS og e-post frå Telemark fylkeskommune. Undersøkinga kan lagrast undervegs og gjennomførast i etappar.

Korleis behandlast opplysningane?

Opplysningane som deltakarane gjer, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern. Dei dataene som Telemark fylkeskommune får, vil ikkje kunne sporast tilbake til den som svara. Resultata vil berre bli offentleggjort for grupper og ikkje enkeltpersonar.

Trekning av gåvekort!

 Dei som svarar på undersøkinga er med i trekning av 10 gåvekort på 1000 kroner.

Les gjerne meir om folkehelseundersøkinga på Telemark fylkeskommune og Helsedirektoratet