Folkehelseundersøkinga i Telemark 2025

Frå 15. september 2025 inviteres 60 000 innbyggjarar i Telemark til å delta i ei omfattande folkehelseundersøking. Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Telemark fylkeskommune, kommunane i Telemark og Folkehelseinstituttet (FHI). Målet er å få ei betre forståing av helsetilstanden, trivselen og livskvaliteten blant vaksne i fylket.

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Formålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen til befolkninga. Dataa som blir samla inn vil gi innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og forbetre folkehelsa i kommunen vår.

Kvifor er undersøkinga nyttig for kommunane?

For kommunane i Telemark er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse våre tenester og tiltak for å møte behovet til innbyggjarane på ein meir effektiv måte. Dette kan inkludere alt frå helsefremjande aktivitetar og førebyggjande tiltak.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Undersøkinga er nettbasert og tek omtrent 15 minutt å fullføre. Dei som blir trekte ut til å delta, vil få ei personleg lenkje via SMS og e-post. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i samsvar med strenge personvernreglar. Resultata vil berre bli presenterte på gruppenivå, slik at ingen enkeltpersonar kan identifiserast.

Treng du hjelp med utfylling av undersøkinga?

Dersom det er nokon som treng hjelp med undersøkinga, eller treng å låne ein PC, kan ein få hjelp til det på Midt-Telemark bibliotek. Du kan berre komme innom! Om du vil vera sikker på at personalet er ledig til å hjelpe deg, kan du ringe 35059240 for å avtale tid.

Trekking av gåvekort!

Dei som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kr.

Vi håpar alle som får invitasjonen vil delta i undersøkinga. Deltakinga di er viktig for å kunne skape eit sunnare og meir inkluderande Telemark for alle.

Har du spørsmål om undersøkinga kan du sende ein e-post til: fhus@telemarkfylke.no 

 eller ringje tlf. 35 91 70 16.