Midt-Telemark kommune

Fugleinfluensa

Fugleinfluensa

Det er ikkje registrert tilfelle av fugleinfluensa i Midt-Telemark, men smitten sirkulerer blant ville fuglar i store delar av landet. 

Finn du døde fuglar ber me deg følgja tilrådingane frå Mattilsynet. 
På Mattilsynet sin nettstad finn du oversikt over kva fugleartar det skal varslast om, korleis du skal varsla og korleis du skal handtera døde fuglar.
Kommunen har ikkje etablert ein mottaksplass for død fugl, men er i beredskap dersom eit utbrot kjem.  Me ber innbyggjarane kvitta seg med døde fuglar gjennom hushaldsavfallet slik det er tilrådd på Mattilsynets nettsider.  

Informasjon frå Mattilsynet finn du her:

https://www.mattilsynet.no/dyr/dyresykdommer/fugleinfluensa