Midt-Telemark kommune

Til minne om Ingebjørg

Til minne om Ingebjørg

Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø Foto Telemark

Midt-Telemark kommune er i sorg etter å ha fått bodskapen om at vår kjære varaordførar Ingebjørg Ørnulfsdatter Nordbø har gått bort.

Ingebjørg var ei aktiv og kunnskapsrik dame som har sett sin preg på bygda vår i fleire tiår. Alltid med eit brennande engasjement, alltid førebudd, alltid med klare meiningar og som oftast med ein kakeboks på lur om møta drog ut i tid.

Ingebjørg starta sitt politiske engasjement tidleg og blei vald inn i lokalpolitikken (V) i Bø kommune i 1999. I 2019 blei ho vald som varaordførar (MDG) i Midt-Telemark kommune og var aktiv i rolla fram til ho vart sjuk hausten 2022

Me vil minnast Ingebjørg som eit særs engasjert, varmt og inkluderande menneske, varaordførar, kollega og venn.

Våre djupaste medkjensle og tankar går til Ingebjørg sin familie og vener.