Nå kan unge søke på kommunen sine ungdomsstipend
Er du ein som vil følgje draumen din eller satse meir på noko du interesserer deg for?
Er du mellom 16-23 år - då kan du søke på kommunens to ungdomsstipend! Du må sjølv sende inn søknad der du fortel om prosjektet ditt med cv og/eller annan dokumentasjon til post@mt.kommune.no innan 20. oktober. Stipenda blir tildelt ungdom som inspirasjon for vidare utvikling i sitt fag eller interessefelt, som til dømes musikk, dans, visuell kunst, scenekunst, samfunnsliv, litteratur, idrett eller friluftsliv. Stipendet er på kr. 10.000,- og eit diplom. Unge som har vokse opp eller er busette i Midt-Telemark kommune kan søke.
Nå kan du foreslå kandidatar til årets kulturpris for Midt-Telemark kommune
Midt-Telemark kommune sin kulturpris skal gå til ein eller fleire personar som over tid har markert seg og/eller bidratt til fellesskapet innanfor kunst-, kultur-, idretts- eller friluftslivet i kommunen. Prisen er på kr. 10 000,- og eit diplom. Forslag med solid grunngjeving sendast post@mt.kommune.no innan 20. oktober. Alle kan sende in forslag på gode kandidatar!