Vanningsrestriksjonar💧

For å sikre nok vatn til alle innbyggjarar blir det innført restriksjonar på hagevatning frå 3. juli til 31. august. Restriksjonane gjeld alle som er tilknytta kommunalt vatn.
 

Dette er tillate:

  • Du kan vatne med handhalden hageslange mellom kl. 20.00 og 22.00.
  • Du kan berre vatne annankvar dag:
    • Har husnummeret ditt eit partal (0, 2, 4, 6 eller 8), kan du vatne på datoar med partal.
    • Har husnummeret ditt eit oddetal (1, 3, 5, 7 eller 9), kan du vatne på datoar med oddetal.

Dette er ikkje tillate:

  • Vatningsspreiar
  • Open slange utan tilsyn
  • Svetteslange
  • Dryppvatning
  • Andre former for automatisk eller kontinuerleg hagevatning

Vi oppmodar også alle til å vere varsame med bruk av vatn til bilvask, husvask og liknande.

Takk for at du bidreg til å ta vare på vassforsyninga vår.

Kontakt

Jon Einar Sejr Østtveit
Enhetsleder VAR og veg