Midt-Telemark kommune

Vatningsrestriksjonen hjelper, tusen takk!

Vatningsrestriksjonen hjelper, tusen takk!

Fredag 9.juni vart det innført restriksjon på hagevatning med mål om å redusere vassforbruket. Grunnen er at vatnet du bruker til å vatne planter og vekster med er det same som blir brukt til drikkevatn og som det må vera tilstrekkeleg av om det oppstår brann.

To hender som viser tommel opp - Klikk for stort bilde

-1000 kubikk pr. dag!

Etter første helg med vatningsrestriksjonar gjekk det gjennomsnittlege, daglege forbruket i kommunen ned frå 5700 kubikk til 4700 kubikk. Det er ein reduksjon på 1000 kubikk, altså 1.000.000 liter!

Dette er viktig av fleire grunnar:

• For å kunne ha trygg og forsvarleg mengde og kvalitet på drikkevatnet

• Vassverka er betre rusta for uventa hendingar slik som feil i produksjonssystemet, eller i transportnettet i form av lekkasjar, pumpehavari eller anna.

• Betre tryggleik i høve brann enkelte stader

Takk og fortsett slik

Frå botnen av vassverka våre; takk for det gode samarbeidet så langt!
Varmen ser ut til å halde seg, så me ber dykk om å halde fram med den gode jobben.

God sommar!

Med helsing

Teknisk eining