🌿🚗 Kjære innbyggjar,
Midt-Telemark kommune ønskjer di hjelp til å skape eit tryggare og meir framkomeleg nærmiljø for alle. 💚
Vegetasjon som veks ut over veg, fortau og gang- og sykkelvegar kan redusere sikta for gåande, syklande og bilistar. 🚶🚴🚙
📌 Viktige krav:
✅ Hekkar og gjerde i frisiktsona skal ikkje vere høgare enn 0,5 meter.
✅ Ved avkøyrsler til gang- og sykkelveg skal det vere 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla og 30 meter sikt til kvar side.
✅ Ved avkøyrsler til veg er siktkravet avhengig av fartsgrensa.
✅ Greiner skal ikkje henge lågare enn 5 meter over vegbane eller 3 meter over fortau og gang- og sykkelveg.
✂️ Du må klippe hekker og busker ved eigedomen din slik at bilistar ser alle syklistar og gåande.
🏡 Om du eig eller disponerer ein eigedom med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg, har du ansvar for å sørgje for fri sikt ved avkøyrsla di og mot vegkryss.
🌳 Du må sørgje for at gjerde og beplantning er så låg at alle kan gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din.

Kilde og mer info: : https://www.vegvesen.no/trafikkinformasjon/vei-og-skilt/klipp-hekker-og-busker/