Velkommen til nytt skuleår!

Måndag 17. august er det skulestart i Midt-Telemark. Vi ønskjer alle elevar velkomne til eit nytt skuleår, og ei ekstra varm helsing går til dei som skal starte i 1. klasse. Vi gler oss til å ta imot både nye og tidlegare elevar til eit nytt år med læring, utvikling og gode opplevingar.

Oppmøtetider

Gvarv skole

  • 1. trinn: Møter kl. 09.30 ved hovudinngangen til skulen.
  • 2.-7. trinn: Møter kl. 08.45 ved hovudinngangen til skulen.
  • 8.-10. trinn: Møter kl. 08.45 direkte i klasseromma.

Bø skule

  • 1. trinn: Møter kl. 09.00 i Gygrastolen på Bø skule.
  • 2.-6. trinn: Møter kl. 08.30 i skulegarden.
  • 7. trinn: Er på leirskule.

Folkestad skule

  • 1. trinn: Møter kl. 09.30 ved hovudinngangen til skulen. Elevane blir tekne imot av rektor og kontaktlærar.
  • 2.-6. trinn: Møter kl. 08.30 utanfor hovudinngangen.
  • 7. trinn: Er på leirskule.

Bø ungdomsskule

  • 8.-10. trinn: Alle møter kl. 08.30 i atriet.

 

Vi ønskjer elevar og føresette lykke til med skulestarten og ser fram til eit flott skuleår. Vel møtt! 📚🍎✨