Midt-Telemark kommune

Festeavgift for gravsteder

Festeavgift for gravsteder

I Midt-Telemark blir det årleg sendt ut festeavgift for gravstader på kyrkjegardane Sauherad, Nes og Bø. Det skjer normalt i februar eller mars.

Pris

Prisen er vedteke av kommunestyret, og er 200 kroner per grav per år.
 

Litt om reglane

Rett til fri grav i 20 år i eigen kommune følgjer av § 6 i lova. Når ein person dør, har han/ ho rett til fri grav (utan betaling) i 20 år frå gravleggingsdato. I desse 20 åra er grava freda, det vil sei at ein ikkje kan nytte den til ny gravlegging (bortsett frå urnenedsetting). Det er gravplassforvaltninga som da tek ut grav (avgjer kva grav som skal nyttast). Etter 20 år har festar rett til å feste grava vidare i 40 år. Festeavgift er da 200 kroner per år. Festetida er 5 år, slik at ein betalar for 5 år av gongen (forskotsvis). Normalt, avhengig av jordsmonn, kan ein etter fredningstida på 20 år nytte grava til ny gravlegging. Da reknast ikkje dette som fri grav, og festeavgift løper.

Når ein person blir gravlagt i ny grav har den som er ansvarleg for gravferda høve til å reservere ei grav ved sidan av den gravlagde. Dette fylgjer av §17 i «Forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd». Dersom ein ønskjer å reservere ei grav må ein betale festeavgift for denne frå fyrste år. Denne har også festetid på 5 år. Denne grava kan når som helst nyttast til gravlegging, men festeavgift vil løpe uansett. Det er altså ikkje å rekne som ei fri grav ved gravlegging.

Festar kan når som helst slette ei grav. Dersom det er ei enkelt grav må ein da fjerne gravminnet. Nokon gonger kan det vere aktuelt å slette ei av gravene på ein dobbel gravstad. Da må ein flytte gravminnet slik at det står over den grava som er igjen. Begge namna kan stå på gravminnet, sjølv om den eine grava er sletta. På nokre gravplassar står gravminnet mellom dei to gravene, andre plassar kan det stå over den eine grava.

Inntekter frå festeavgift blir i sin heilskap nytta til forvaltninga av gravplassane.
 

Kontaktinformasjon

Dersom det er noko du lurar på i samband med gravplass eller betaling, kontakt kyrkjekontoret. Du kan ringe på telefon 35 06 10 40 eller sende ein e-post til post@mtkyrkje.no.
 

Sjå meir info på nettstaden til kyrkjekontoret