Midt-Telemark kommune

Folkestad skule

Folkestad skule

Bilde av Folkestad skule. Eit gult adminitrasjonsbygg i forkant av det raude skulebygget. Det er asfaltert ute.  - Klikk for stort bilde  

Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø.

Folkestad skule er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.

Rundt 130 elevar og 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjer Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad. 

Skulen vår ligg i nærleik til skog og fantastiske uteområde. Det blir nytta til faste utedagar og tverrfagleg/fagleg arbeid.

Våre elevar har ein digital eining kvar. 1.-3.trinn har iPad og 4.-7.trinn har kvar sin pc.

  

SFO-Skulefritidsordninga er eit fritidstilbod til alle barn frå 1.- 4. trinn, og for barn med særskilte behov opp til 7. trinn. SFO er ope både før og etter skuletid. Det må søkast om SFO-plass kvart år - husk søknadsfrist 1. april!

SFO er en viktig del av barnas fritid. Personalet har som oppgåve å gje barna tilsyn, omsorg, aktivitetar og tryggleik før og etter skuletid, og på skolefrie kvardagar.

Alle barn i SFO skal møte omsorgsfulle vaksne i trygge omgjevnader med leik og aktivitetar som gjer at dei trivast og utviklar seg positivt. Samstundes skal føresette vere trygge på at barna deira blir godt tatt vare på.

Kontakt

Folkestad skule hovedtelefon
E-post
Telefon 35 05 94 00
Venke Raundalen
Konstituert rektor Folkestad skule
E-post
Mobil 92 25 14 59
Bodil Dahl
Konsulent Folkestad skule
E-post
Mobil 91 56 01 59

Åpningstider

Skolen

Mandag - Fredag
08.00 - 14.15

SFO

Mandag - Fredag
07.00 - 08.45
13.30 - 16.45

Adresse

Besøksadresse

Folkestad skule
Eikavegen 61
3804 Bø
 

Postadresse

Midt-Telemark kommune
Postboks 83
3833 Bø i Telemark