I tråd med Midt-Telemark kommunes vedtak i utvalg for plan, teknikk og næring 26. mai, leggast no Temaplan for sykkel ut på høyring, med frist fredag 21. august.
Kommunens planstrategi slår fast at temaplan for sykkel skal utarbeidast i 2020.
Utkastet til temaplan for sykkel for Midt-Telemark bygger på Temaplan for sykkel for Bø (2017), og er utarbeida med bistand frå vegvesenet og fylkeskommunen som del av Bygdepakke Midt-Telemark prosjektet.
I planen fastsetter ein dei viktigaste hovudrutene for sykling og mål for tilrettelegging langs desse rutene. Denne planen tek ikkje føre seg kampanjar og ikkje-fysisk tilrettelegging for sykling. Planen skal gi retningsliner for korleis kommunen skal arbeide for attraktive sykkelanlegg som gir syklistane god framkome. Planen vil vere viktig underlag for rullering av kommuneplanens arealdel, reguleringsplanar, teknisk plan, og for rullering av Trafikktryggleiksplanen og for hovudprosjektperioda for Bygdepakke Midt-Telemark. Planen skal avdekke dei viktigaste manglar ved tilrettelegging for sykling i kommunen, og vere grunnlag for prioritering av eigne midlar til sykkeltilrettelegging og søknadar om eksterne midlar.
Temaplanen er utarbeida med tiltaksplan.