Midt-Telemark kommune

Kunngjering av detaljreguleringsplan for Bø camping AS

Kunngjering av detaljreguleringsplan for Bø camping AS

I medhald av plan- og bygningslova §12-12 har Midt-Telemark kommunestyre i møte 25.05.20 (sak 61/20) vedtatt detaljreguleringsplan for Bø camping, planid 04_57_2018.

Klikk for stort bilde  

Formålet med planen er å stadfeste bruken av område som campingplass. Utvida areal mot nord skal brukast til midlertidige installasjonar (dvs. telt og bubilar), ikkje bygg eller faste konstruksjonar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Klager må vere skriftlege og sendast til Midt-Telemark kommune, Pb 83, 3833 Bø eller post@mt.kommune.no innan 03.07.2020. Krav om erstatning eller innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må setjast fram seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket

 

Vedlegg

K-sak 61/20 (PDF, 2 MB)
Plankart (PDF, 2 MB)
Reguleringsføresegner (PDF, 195 kB)
Planomtale (PDF, 2 MB)