Planprogrammet for KPA 2025-2035 er eit styringsdokument som rammar inn arbeidsprosessen. Det er forankra i plan- og bygningslova § 4-1 og sikrar ei ryddig og føreseieleg planlegging. Dokumentet skildrar formålet, føringar, tema, problemstillingar, kva forhold som skal konsekvensutgreiast, medverknadsprosessen og korleis planprosessen skal gjennomførast.
Føremålet med planarbeidet
I denne revideringa vert særleg to tema prioriterte:
1. Tilrettelegging for næringsareal.
2. Areal for energiproduksjon (fornybar energiproduksjon/ grøn kraftproduksjon).
Planprosessen
Planprosessen følger reglene i plan- og bygningsloven, og kan forklares kort slik:
-Første steg er å utarbeide eit planprogram. Forslag til planprogram skal sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn seinast samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Fristen for å gi høyringsfråsegner skal vera minst seks veker.
-Det endelege planprogrammet skal vedtakast av kommunestyret og skal deer leggjast til grunn for det vidare planarbeidet.
-Kommunen utarbeider forslag til KPA 2025-2035 med ei konsekvensutgreiing (KU) og alle nødvendige dokument.
- Planforslaget blir lagt ut, og alle berørte kan gi innspel (minst seks vekers høyringsfrist).
Kommunen vurderer merknader og justerer planen.
-Kommunestyret vedtek endeleg KPA, og den vedtekne planen blir kunngjord og blir rettsleg
bindande for arealbruk.
Spørsmål
I planprogrammets høyringsperioden, den 01.oktober kl. 19:00, vil det bli halde eit ope informasjonsmøte (folkemøte) hos Landbrukets hus, Brennavegen 30, 3810 Gvarv.
Under høringsperioden for planprogrammet gis alle interesserte høve til å fremja innspel både til planprogrammet og til KPA 2025-2035, anten som konkrete innspel eller som generelle merknader.
Fristen for å koma med innspel både til planprogrammet og til sjølve planarbeidet er sett til 07.11.2025.
Skriftleg innspel og merknader sendast til post@mt.kommune.no eller som brev til Midt-Telemark kommune, Teknisk forvaltning, Pb 83, 3833 Bø.
Plandokumenta kan finnast på www.midt-telemark.kommune.no under «Kunngjøringer» eller på https://www.arealplaner.no og er lagde ut hos Teknisk forvaltning på Bekkevoll, Gullbringsvegen 20, kommunehuset og biblioteket.
Plandokument
Planprogram_Kommuneplanens arealdel:2025-2035 (PDF, 10 MB)
Brev_varsel om oppstart (PDF, 546 kB)
Vedtak_1.gangshandsaming_planprogram (PDF, 607 kB)
Saksprotokoll_1.gangshandsaming (PDF, 310 kB)