Midt-Telemark kommune

Naturtypekartlegging på Lifjell

Naturtypekartlegging på Lifjell

Stiftelsen Biofokus har på oppdrag for Midt-Telemark kommune utført naturfaglege registreringar på Lifjell i Bø (Midt-Telemark kommune) i juli 2023.

Hva er gjort?

Midt-Telemark kommune er i gang med utarbeiding av ein ny kommunedelplan for Lifjell for perioden 2023-2033. Biofokus har derfor kartlagt naturtypar etter Miljødirektoratets instruks (Miljødirektoratet, 2023a) i eit avgrensa område på Lifjell. Det var også eit ønske om at eventuelle myrområde blei avgrensa, og at myrdjupnar skulle målast. Estimert karbonlager for desse myrane er berekna. 

Hvilke naturtypar ble registrert?
Det blei til saman registrert 31 naturtypelokaliteter innanfor undersøkingsområdet på Lifjell. Ein lokalitet er vurdert til svært høg kvalitet, 15 til høg kvalitet, 11 til moderat kvalitet, fire til låg kvalitet og ingen til svært låg kvalitet. Gammal granskog med gamle tre (C12.2) er den naturtypen som har størst utstrekking på Lifjell. Gammal granskog med liggjande død ved (C12.3) er òg vanleg. Det er registrert 12 raudlista artar innanfor prosjektområde. I partier med gammal granskog med liggjande død ved finst gammelskogsartane svartsonekjuke (NT) og gubbeskjegg (NT) ganske vanleg. I fuktigare skog kjem det òg inn sukkernål (NT) og rimnål (VU) som begge er knytte til gammal gran i miljø med stabilt høg luftfukt. Det er òg funne fleire andre lavartar knytte til gammal høgareliggjande granskog. 

Lifjell som karbonlager - rundt 14 % av de sentrale områder er myr.

Prosjektområdet er på rundt 2025 daa, og av dette dekke myr om lag 282 daa (14 % myr) ifølgje AR5 og eigne avgrensingar. Torvdjupne ble målt på åtte utvalde myrar. Potensiell karbonmengd er utregna ved hjelp av CarbonViewer for dei myrane der det vart målt torvdjupner. 
Det er kartlagt betydelege naturverdiar gjennom prosjektet. Naturverdiane innanfor prosjektområdet blir i stor grad fanga opp av Miljødirektoratets instruks, men det er mykje myrareal som ikkje blir fanga opp av instruksen, i dette tilfelle nær sagt alt. 

Store karbonutslepp gjennom utbygging i området
Areala innanfor prosjektområdet er under sterkt press som følgje av omfattande hytteutbygging, vegbygging og hogst. Området består i stor grad av myrlendt terreng, og hytteutbygging og vegbygging førar ikkje berre til forringelse av natur og landskap, men også til at det blir sloppe ut store mengder karbon til atmosfæren.
 

Les hele rapporten her: Rapport om naturtypekartlegging på Lifjell i Midt-Telemark kommune (PDF, 6 MB)