Midt-Telemark kommune

Oppfordring frå kommuneoverlegen

Oppfordring frå kommuneoverlegen

Til deg som ikkje har tatt influensa og Covid-19 vaksine ennå, men som bør vurdere det: Det er ikkje for seint!

Mykje influensa og Covid-19

Det er framleis mykje både influensa og Covid-19 i omløp. Folkehelseinstituttet melder at det ikkje er for seint å vaksinere seg mot influensa, særleg for dei som har auka risiko for alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta. Dette gjeld også om du er pårørande eller har arbeid som gjer at du har nærkontakt med nokon som helst ikkje bør bli smitta. 

Alle som er grunnvaksinert mot Covid-19, og som ikkje er i risikogruppe, treng ikkje ta oppfriskningsdose. Derimot er det tilrådd at særleg eldre over 65 år og immunsupprimerte (risikogruppene), tek ein oppfriskningsdose for å vere betre rusta mot dei nye variantane av viruset. Det bør vere minimum 3 månader sidan førre  oppfriskningsdose ELLER gjennomgått Covid-19 infeksjon , helst lengre, for å gi best mogleg vern mot alvorleg sjukdom. 6-12 månader mellom kvar oppfriskningsdose ser ut til å gi ganske godt vern. 

Vaksinasjonsdagar

Torsdag 8.februar: Covid-19

Torsdag 15.februar: Covid-19 og influensa 

 

Timebestilling

  • Ring vaksinetelefonen på 35059359
    Mandag-torsdag kl. 09.00-10.30. Tlf 35059359
  • Via www.helseboka.no
  • Drop-in: Møt opp direkte på Bø sjukeheim. 

 

Kristin Sekse, kommuneoverlege.