Midt-Telemark kommune

Deling/fradeling av landbrukseiendom

Deling/fradeling av landbrukseiendom

Jordlova har reglar om deling av landbrukseigedom. Det er eit landbrukspolitisk mål å samle ressursane på bruket for noverande og framtidige eigarar. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ønsker å overdra delar av eigedomen til nokon andre, til dømes ei tomt, er det naudsynt med løyve frå landbruksmyndigheita.

Frådeling av areal på landbrukseigedommar krev i dei fleste tilfelle løyve både etter plan- og bygningsloven og jordlova. Søknad om deling må ikkje vera i strid med overordna arealplaner, reguleringsplanar eller andre lover (veglova m.m). Dersom den er det, må det søkjast om dispensasjon.

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom føremålet med deling (eigaren av ein landbrukseigedom ønsker å bruke dyrka/dyrkbar jord til anna enn jordbruksproduksjon) gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter § 9, kan delingssamtykke ikkje gjevast utan at det er gitt samtykke til omdisponering.


Mer info om deling på landbruksdirektoratet.no


Gebyr

Søknader om konsesjon er gebyrbelagt i henhold til «Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker».  Minstegebyr er kr. 1000,- og maksimalt gebyr er kr. 2000,-.
 

Hvordan søke?

 

Søknad om deling

Søknad om deling skal sendast til kommunen sin byggesaksavdeling. Byggesaksavdelinga registrerer søknaden og sender den over til Midt-Telemark landbrukskontor for handsaming etter jordlova.
 

Kontakt byggesaksavdelingen i Midt-Telemark kommune

Kontakt byggesaksavdelingen i Nome kommune

 

Søknad om deling av driftseining

Søknadar som gjeld deling av driftseining skal kun handsamast etter jordlova, og sendast direkte til Midt-Telemark Landbrukskontor. Grovt sett er det slik at alle gards- og bruksnummer som høyrer til same eigar, òg høyrer til same driftseining. Ein kan dermed ikkje selja ein del av ein landbrukseigedom utan godkjenning frå landbrukskontoret sjølv om delen har eit anna gards- og bruksnummer enn hovudeigedomen. Det er eige søknadsskjema (link…) for deling av driftseining. Søknad om deling av driftseining skal vere grunngitt.

 

Kontakt

Dag Gjermund Roheim
Rådgiver jordbruk
E-post
Mobil 90 09 33 94
Hege Ann Skaret
Rådgiver
E-post
Mobil 91 76 11 78

Åpningstider

Åpningstider

Man - fre 08.00 - 15.00

Adresse

Nome og Midt-Telemark landbrukskontor

Landbrukets Hus
Brennavegen 30
3810 Gvarv