Midt-Telemark kommune

Referat 190521

Referat 190521

Referat FAU  møte 19. mai

FAU kl. 1730

 

Møtt: Bente, Torbjørn, Åse, Anne Gro, Jarand.

Forfall: Karin, Inger Marie, Anita.

 

 

Saker

  1. Kap 9 – utvidet sak 

Ein sak er løfta opp til leiinga i kommunen. Bente seier foreldra seier meir i frå no. Skulen har færre 9 A saker no enn før. Rektor har ansvar for å opprette 9A ikkje foreldra.

  1. Statsforvalteren/mobbeombudet 

Det er oppretta eit tett og godt samarbeid med statsforvalter og mobbeombod.

  1. Dokumentasjon 

Det er lite info liggande frå før samanslåinga, det er også manglande info og dokumentasjon på tidligare saker så der har skulen og kommunen jobba saman med statsforvaltaren om forbetringar og korleis man skal jobbe. Dei andre skulane i Midt Telemark er også informert om kva som krevs.

 

  1. Miljøarbeid - høsten 2021 
  1. Foreldreansvaret 

Det må vera tydeleg info ut til heimane kva som er foreldra sitt ansvar, lærerane skal undervise og ikkje drive med oppdragelse. Det er det foreldra sitt ansvar i samarbeid med skulen

  1. Skolens ansvar 

Skolen skal gi ungane god og trygg undervisning på skulen i samarbeid med forledra. Terskel for å melde saker til foreldre og andre instanser må bli lavere.

  1. Foreldremøter 

Det blir satt opp eit foreldre møte frå hausten av der fokus på skulemiljø har hovedfokus. Det vil det også vera fram til haustferien på skulen.

Rektor og FAU skal utarbeid eit info skriv ang skulen og kva som skjer vidare.

  1. Samarbeid ppt-bup-bv-politi 

Frå hausten av vil PPT, Politi og barnevern bli kobla raskare på, samarbeidet vil vera tettare og terskelen for å melde dei instansane vil bli lavere. Der foreldre ikkje reagerer på melding frå skulen, vil slik kontakt kunne bli oppretta.

  1. Bemanningen

Det er ansatt fleire nye lærere til hausten og det er bra. Lærar kabalen er så å sei lagt og det er ansatt fleire dyktige og framoverlent lærere som er klar for å gjera ein god jobb.

  1. Hinderløypa

Her har det kommet melding frå USN at studentane ventar til neste år med å jobbe med denne oppgåva pga dårleg tid. Det fekk vi ikkje beskjed om før i mai, burde ha fått den i mars april, men vi beslutter å jobbe vidare med planer for ei hinderløype på skulen.