Midt-Telemark kommune

Forprosjekt Bygdepakke Bø 2016-17

Forprosjekt Bygdepakke Bø 2016-17

sluttrapporten (PDF, 2 MB) for forprosjektet til Bygdepakke Bø 2016-17 er resultata frå forstudiet oppsummert. Arbeidet var organisert i dei fire arbeidspakkene Areal- og transportplanlegging, forsking, Sykkelbygda Bø og førebuing av hovudprosjekt

Areal- og transportplanlegging

I forprosjektet vart det utarbeidd tre sentrale utgreiingar/analyser for framtidig arbeid med klimavenleg tettstadutvikling i Bø:

Andre resultat av denne arbeidspakka var at Statens vegvesen utarbeidde ei prosjektbestilling for ein mulighetssstudie for alternative framtidige utformingar for Bøgata. Mulighetsstudien er gjennomført i hovudprosjektet av Bygdepakke Bø og Sauherad.

Forsking

I arbeidspakka vart det gjennomført eit forskingsprosjekt finansiert av Oslofjordfondet. Dette var eit forprosjekt der Bygdepakka var prosjekteigar, TØI vitskapleg ansvarleg og Distriktssenteret samarbeidspart. Resultatet var rapporten Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder (TØI 2017). Rapporten kjem med konkrete froslag til vidare arbeid med Bygdepakke Bø på organiserings- og tiltaksnivå, men svarer også ut spørsmåla om korleis ein bypakkestruktur kan tilpassast bygder og små byar på generell basis. Forprosjektet vert fylgd opp i hovudprosjektet med forskningsprosjektet om tettstadpakker

Sykkelbygda Bø

Bø kommune inngikk sykkelbyavtale med Statens vegvesen og Telemark fylkeskommune, og vart den første sykkelbygda i landet i 2015. Dette vart fylgd opp med utarbeiding av Temaplan for sykkel (PDF, 5 MB) for Bø kommune i forprosjektet. I planen er hovudnettet for sykkel i Bø fastsett med tilrådde strekningsvise løysingar. Som grunnlag for temaplanen vart det gjennomført ei tilstandsvurdering av hovudnettet.

Gjennom forprosjektet fekk ein finansiert skilting av sykkelruter i sentrum. Skiltinga vart gjennomført i hovudprosjektet.

I forprosjektet vart ulike kampanjar og arrangement for å auke sykkelbruken testa ut, sjå sluttrapporten (PDF, 2 MB) for detaljar.

Førebuing av hovudprosjekt

Det vart lagt ned betydeleg arbeid i forprosjektet for å søke ekstern finansiering av eit hovudprosjekt, m.a. gjennom Interreg-midlar. Hovudprosjektet vart elles førebudd gjennom konkretisering av hovudprosjektplan med effekt- og resultatmål.

 

Kontakt

Sindre Flø
Spesialkonsulent idrett, friluftsliv og frivillighet
E-post
Mobil 95 84 75 25
Hilde Pedersen
Kultursjef - enhetsleder, folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 95 70 40 48