Midt-Telemark kommune

Forstudie Bygdepakke Bø 2015-16

Forstudie Bygdepakke Bø 2015-16

Forstudiet for Bygdepakke Bø vart gjennomført august 2015 - juni 2016 og legg grunnlaget for forprosjektet. Resultat og tiltak som er gjennomført i forstudiet er oppsummert i sluttrapport frå forstudiet  (PDF, 2 MB)

Resultat frå forstudiet

1. Trafikkanalyse (Statens vegvesen). Resultata er presentert i  nummerskiltanalyse (PDF, 2 MB) (Rambøll), og notat om gjennomgangstrafikkpotensiale for avlastingsvegar i sentrum og trafikkteljingar (PDF, 2 MB).

2. Mobilitetsanalyse (PDF, 561 kB), som syner oversikt over gang- og sykkelavastand til/frå jobb/skule, og kor mange som bur i gang-/sykkelavstand til/frå jobb/skule, er utarbeida av Statens vegvesen. Resultata er presentert i eit digitalt kart

3. Barnetråkk (PDF, 3 MB) (Bø kommune). Rapporten bygger på digitale tilbakemeldingar frå elevar ved Bø skule, Folkestad skule og Bø ungdomsskule. Fire klasser har registrert viktige gang-/sykkelvegar, område dei ferdast i og gitt tilbakemeldingar om stader som opplevast som positive og stader dei har negative erfaringar frå. 

4. Sykkelbyrapport 2015 (PDF, 2 MB) (SINTEF, på oppdrag frå Statens vegvesen). Dette er ei undersøking som vert gjennomført med jamne mellomrom, og i 2015 var Bø som sykkelbygd med for fyrste gong. 

5. Fortettingsanalyse for Bø i Telemark (PDF, 3 MB) (Rambøll). Analysa tar utgangspunkt i den framtidige veksten i Bø, og presenterer forslag til korleis alle bustader og arbeidsplassar for befolkningsveksten fram mot 2030 kan etablerast i sentrum. Vedlegg:

  1. Bygningsformål og grå arealer (PDF, 337 kB)
  2. Trafikknotat (PDF, 8 MB)
  3. Byplangrep fortettingspotensiale (PDF, 11 MB)
  4. Arealoversikt eksisterende og ny bebyggelse (PDF, 3 MB)
  5. Arealoversikt med parkeringsarealer (PDF, 3 MB)
  6. Arealoversikt fordeling av bolig- og næringsformål (PDF, 2 MB)
  7. Arealoversikt fortetting fram mot 2030 (PDF, 3 MB)
  8. Visualiseringer Bø (PDF, 4 MB)
  9. Presentasjon 16.2.16 (PDF, 10 MB)

6. Telemark fylkeskommune har utarbeidd eit notat (PDF, 143 kB) som evaluerer kollektivtransporten i Bø. I notatet vert det foreslått tiltak som kan vurderast nærmare for å effektivisere og målrette dagens kollektivtilbod betre.

Som del av forstudiet vart det gjennomført kampanjar og strakstiltak som er omtalt i forstudiet, m.a. Europeisk mobilitetsuke, Sykle-til-jobben-aksjon og "På farta til skulen"-kampanje i skulane.

Kontakt

Hilde Pedersen
Kultursjef - enhetsleder, folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 95 70 40 48
Sindre Flø
Spesialkonsulent idrett, friluftsliv og frivillighet
E-post
Mobil 95 84 75 25