Kunngjering: Vedteken kommunedelplan for Lifjell

Kommunestyret i Midt-Telemark kommune vedtok i møte den 16.06.2025 (sak 47/25) ny kommunedelplan for Lifjell, i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15.

Kommunedelplanen er ein overordna plan som viser korleis areala innanfor eit avgrensa område på Lifjell skal disponerast i planperioden. 

Etter § 11-15 i plan- og bygningslova kan vedtaket ikkje påklagast.

Plandokumenta er tilgjengelege på kommunehuset, biblioteket, samt i det digitale planarkivet på Arealplaner.no og Kommunekart.com. Det kan førekomme forsinkingar i publisering, og det kan ta nokre dagar før alle dokument er tilgjengelege digitalt.