Midt-Telemark kommune

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Bygdepakke Midt-Telemark er eit utviklingsprosjekt med mål å oppnå nullvekst i personbiltrafikken gjennom Bø sentrum og å inspirere fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i Midt-Telemark.  

Prosjektet er tverrfagleg og er basert på samarbeid og spleiselag på tvers av etatar og forvaltningsnivå med Jernbanedirektoratet, Fylkesmannen i Telemark, Statens vegvesen, Bane NOR og Telemark fylkeskommune. Prosjektet samarbeider også med ulike aktørar som til dømes Distriktssenteret, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Søraust-Noreg, Sentrumsringen i Bø, grunneigarar, skular, institusjonar og frivillige organisasjonar.  Hovudprosjektet blei avslutta i 2021. Komunestyret fatta vedtak om at prosjektet skulle gå over i ordinær drift og ga kommunedirektøren fullmakt til å organisere det vidare arbeidet. I 2023 blei det etablert ei intern arbeidsgruppe med kommuneplanleggar Svenja Storøy som koordinator, og i tillegg ei arbeidsgruppe på regionalt nivå. 

Bygdepakka og Sykkelbygda har fått mye merksemd både lokalt, regionalt og nasjonalt - ikkje minst gjennom forskingsprosjektet "Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder" (TØI, 2017), "Bø stasjon 2030. En mulighetsstudie"(Rambøll 2017), opprustinga av Stasjonsvegen i Bø sentrum (SVV/Tfk 2017) – og ein etterlengta gang- og sykkeltrasé langs Rv 36 mellom Bø og Gvarv som er under planlegging med realisering tidleg på 2020-talet. Samla sett har dette ført til meir fokus på helhetlig areal-, transport- og mobilitetsplanlegging i små byar og på mindre stader, men også auka interesse for å endre reisevanar hos innbyggarane. 

Prosjektet har vore gjennom forstudie- og forprosjektfase, og hovudprosjektet blei ferdigstilt i 2021 - med sluttrapport (PDF, 20 MB) vedtatt i kommunestyret. 
 

Hovudprosjektet var organisert i 14 arbeidspakker, sjå hovudprosjektplan (PDF, 2 MB):

  1. Prøv ein elsykkel! 
  2. Temaplan for sykkel Bø kommune
  3. Sykkelkampanjar Bø og Sauherad 
  4. Temaplan for sykkel Midt-Telemark kommune. Vedtatt 29.06.2021.
  5. Mulighetsstudie - fortettingspotensiale Gvarv

Fortettingsanalyse Gvarv - ferdig rapport  (PDF, 9 MB)
Universell utforming av Kjærlighetsstien og vidareutvikling av Farstadparken (PDF, 14 MB)

       6. Utvikling av kollektivknutepunkt i Sauherad kommune 
       7. Parkeringsstrategi for Bø sentrum 
       8. Bø stasjon - opprusting av Bø stasjon, flytting av tømmerterminal
Utredning om alternative lokaliseringar av ny tømmerterminal (Bane NOR 2019)  (PDF, 10 MB)
       9. Mulighetsstudie Bøgata – utforming og funksjon
Mulighetsstudie Bøgata sluttrapport (PDF, 11 MB)
      10. Måltal for sykkel, gange og kollektivbruk 
      11. Mobilitetsstrategi for Midt-Telemark – eit forstudie
Forstudie mobilitetsstrategi Midt-Telemarkregionen  (PDF, 2 MB)
      12. Forskingsprosjektet Tettstedpakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling 
      13. Rettleiar for fortetting og offentlege rom 
      14.  Strategi, styring og kommunikasjon (prosjektleiing) 

Kontakt

Hilde Pedersen
Kultursjef - enhetsleder, folkehelsekoordinator
E-post
Mobil 95 70 40 48
Sindre Flø
Spesialkonsulent idrett, friluftsliv og frivillighet
E-post
Mobil 95 84 75 25