Midt-Telemark kommune

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Hovedprosjekt Bygdepakke Midt-Telemark

Bygdepakke Midt-Telemark er eit utviklingsprosjekt med mål å oppnå nullvekst i personbiltrafikken gjennom Bø sentrum og å inspirere fleire til å sykle, gå og reise kollektivt i og mellom attraktive stader i Midt-Telemark.  

Prosjektet er tverrfagleg og er basert på samarbeid og spleiselag på tvers av etatar og forvaltningsnivå med Jernbanedirektoratet, Fylkesmannen i Telemark, Statens vegvesen, Bane NOR og Telemark fylkeskommune. Prosjektet samarbeider også med ulike aktørar som til dømes Distriktssenteret, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Søraust-Noreg, Sentrumsringen i Bø, grunneigarar, skular, institusjonar og frivillige organisasjonar.  

Bygdepakka og Sykkelbygda har fått mye merksemd både lokalt, regionalt og nasjonalt - ikkje minst gjennom forskingsprosjektet "Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder" (TØI, 2017), "Bø stasjon 2030. En mulighetsstudie"(Rambøll 2017), opprustinga av Stasjonsvegen i Bø sentrum (SVV/Tfk 2017) – og ein etterlengta gang- og sykkeltrasé langs Rv 36 mellom Bø og Gvarv som er under planlegging med realisering tidleg på 2020-talet. Samla sett har dette ført til meir fokus på helhetlig areal-, transport- og mobilitetsplanlegging i små byar og på mindre stader, men også auka interesse for å endre reisevanar hos innbyggarane. 

Prosjektet har vore gjennom forstudie- og forprosjektfase, og vi gjennomfører no hovudprosjektet. Hovudprosjektet er organisert i 14 arbeidspakker, sjå hovudprosjektplan (PDF, 2 MB):

  1. Prøv ein elsykkel! 
  2. Temaplan for sykkel Bø kommune
  3. Sykkelkampanjar Bø og Sauherad 
  4. Temaplan for sykkel Midt-Telemark kommune. Vedtatt 29.06.2021.
  5. Mulighetsstudie - fortettingspotensiale Gvarv
  6. Utvikling av kollektivknutepunkt i Sauherad kommune 
  7. Parkeringsstrategi for Bø sentrum 
  8. Bø stasjon - opprusting av Bø stasjon, flytting av tømmerterminal
    Utredning om alternative lokaliseringar av ny tømmerterminal (Bane NOR 2019)  (PDF, 10 MB)
    Utleieordning for elsykkel og elbil på Bø stasjon
  9. Mulighetsstudie Bøgata – utforming og funksjon
    Mulighetsstudie Bøgata sluttrapport (PDF, 11 MB)
  10. Måltal for sykkel, gange og kollektivbruk 
  11. Mobilitetsstrategi for Midt-Telemark – eit forstudie
  12. Forskingsprosjektet Tettstedpakker for attraktiv, inkluderende og klimavennlig stedsutvikling 
  13. Rettleiar for fortetting og offentlege rom 
  14. Strategi, styring og kommunikasjon (prosjektleiing) 

Kontakt

Hilde Pedersen
Kultursjef
E-post
Mobil 95 70 40 48
Sindre Flø
Kultur- og idrettskonsulent
E-post
Mobil 95 84 75 25