Midt-Telemark kommune

Statsforvaltaren opphevar økonomiplanen

Statsforvaltaren opphevar økonomiplanen

Kommunevåpenet til Midt-Telemark kommune - Klikk for stort bildeKommunevåpenet til Midt-Telemark kommune

Opphevar økonomiplanen

Midt-Telemark kommune har i dag motteke eit brev frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark med melding om at dei opphevar økonomiplanen til kommunen for 2025-2027. Planen vart vedteke av kommunestyret i sak 151/23 4.desember 2023. Statsforvaltaren har kome til dette etter å ha gjort ei lovleghetkontroll av dokumentet der konklusjonen er at «Me vurderer at vedtaket bryt med kravet til realistiske føresetnader med omsyn til frie inntekter og utbytte for åra 2025-2027. Det er og usikkert om anslaget for 2024 vil bli realisert».

 

Kva betyr dette?

Midt-Telemark kommune må utarbeida ein ny økonomiplan for 2025-2027 og eit nytt budsjett for 2024, som innarbeider delar av underskotet i 2023. Fristen for å levere ny plan og budsjett er 30. juni 2024.

 

Kommunedirektør Per Dehli seier:

«Midt-Telemark kommune jobbar hardt med å få kontroll med den økonomiske situasjonen. Statsforvaltaren sitt vedtaket peiker på viktigheita av å ha eit budsjett som er basert på gode og faglege estimat.  Fram til kommunestyret skal vedta nytt budsjett og økonomiplan i juni, ser eg fram til god dialog med politisk nivå, for å få eit realistisk budsjett»

Artikkelliste

Viser 21-30 av 194 artikler, side 3 av 20