Midt-Telemark kommune

1. Kva er ein kommunedelplan for Lifjell og korfor gjer vi det nå?

Planprogram Kommunedelplan for Lifjell 2023-2033

1. Kva er ein kommunedelplan for Lifjell og korfor gjer vi det nå?

Kommunedelplanen for Lifjell er ein overordna plan for arealbruk for delar av Lifjellområdet i Midt-Telemark kommune (sjå kap. 5.). Planen er juridisk bindande og gir føringar for meir detaljert planarbeid. Han forheld seg til planstrategi (oversyn over planarbeid i ein gitt periode basert på overordna prioriteringar), kommuneplanens arealdel og kommuneplanens samfunnsdel som visar målsetjingar og verkemiddel for samfunnsutvikling i kommunen.

Kommunedelplanen består av eit plankart som syner både eksisterande og eventuell nye arealformål (alle som ønsker det kan komma med slike innspel), f.eks. område for fritidsbustad eller naturområde. Om eit område er avklart i kommunedelplanen, blir det opna for at grunneigarar og utbygger kan igangsetja reguleringsarbeid. På same måten kan områda i kommunedelplanen setjast av til andre arealformål, som f.eks. verneområde for å sikra andre arealinteresser.

Ein kommunedelplan kan utarbeidast for eit geografisk avgrensa område der dette av særskilte grunnar er formålstenleg. Det er kommunestyret som avgjer kvart fjerde år, gjennom planstrategien, kva område eller tema som bør behandlast/reviderast i den neste fireårsperioden, og eventuelt kva tema og område som skal behandlast i eige plandokument.

Plassering av planarbeidet i diagram som syner plansystemet i Midt-Telemark kommune (frå planstrategien). - Klikk for stort bildePlassering av planarbeidet i diagram som syner plansystemet i Midt-Telemark kommune (frå planstrategien). 

 

 

 

 

 

 

 

I planstrategien for Midt-Telemark kommune 2020-2023, vedteken av kommunestyret den 25.05.2020 (sak 60/20), kjem behovet for å vidareføre Kommunedelplanen for Lifjell som eigen plan fram.

«For delar av Lifjellområdet gjeld eigen kommunedelplan (2014). Planprogrammet for ny arealdel legg opp til at Lifjellplanen inngår i ny arealdel og ikkje vidareførast som eigen plan, men ein ser no behovet for ein reisemålsprosess for å avklare i kva retning destinasjonen skal utviklast i framtida før ein opnar for å gjere endringar i arealbruk. Det er derfor lagt opp til rullering av kommunedelplanen i slutten av planperioden.»