Midt-Telemark kommune

11. Kven skal involverast i planarbeidet, når og korleis?

Planprogram Kommunedelplan for Lifjell 2023-2033

11. Kven skal involverast i planarbeidet, når og korleis?

Kommunikasjon med brei involvering er ein sentral del av planarbeidet, både med tanke på forankring av innhaldet i planen og tillitsskapande. Slagordet til kommunen «Vi skaper framtida saman» - « Saman skal kommune, næringsliv, kompetansemiljø og innbyggarar skapa framtida i ein region i sterk utvikling, vedtatt i kommuneplanens samfunnsdel, skal òg vera ein raud tråd i denne planprosessen.

Prosjektgruppa og ressursgruppa følgjer opp ulike problemstillingar gjennom deltaking i tematiske arbeidsgrupper og inviterer fagpersonar og andre aktørar inn i arbeidsgruppene ved behov. I kvar høyringsperiode er det ønskeleg at planarbeidet får merksemd i lokalavisa gjennom avisoppslag, enten artikkel eller lesarbrev i tillegg til varslingsannonsen, og dessutan annonsering og omtala på heimesida til kommunen og Facebook side. Det for å nå eit så breitt publikum som mogleg. I samband med varsel om oppstart blir det sendt òg ei oppfordring om å bruka pågåande planarbeid som døme i undervisning i utdanningsinstitusjonane i Midt-Telemark kommune. Det er ønskeleg å arrangera eit folkemøte for eit breitt publikum i samband med første høyringsperioden. Behovet for fleire møter med eit breitt publikum blir vurdert undervegs i planarbeidet.

Bilde av planarbeidets faser. Her blir de ramset opp i kronilogisk rekkefølge.  Planprogram ,Varsel om oppstart , Utredningsfase saman med behandling av innspill , planforslag,  behandling og innspill, vedtak.  - Klikk for stort bildeGrov framdriftsplan med medverknads- og beslutningspunkt   

Framdriftsplanen ser for seg at planen endeleg vert vedteken i kommunestyret i november 2023.

Bilde av detaljert planforslag.  Her blir de ramset opp i kronologisk rekkefølge. Noen faser overlapper hverandre. Dett er fremstilt i en tabell. Utarbeide forslag til planprogram, politisk behandling forslag til planprogram, høring forslag til planprogram/varsel om oppstart, bearbeiding planprogram, Vedtak planprogram, siling og konsekvensutredning av innspill, politisk behandling av grovsiling, Analyser og utredning, utarbeide planen, politisk behandling av planforslaget, høring av planforslag, bearbeiding av planforslag, vedtak av planen.  - Klikk for stort bildeDetaljert framdriftsplan  

Regionalt planforum:

Det vert lagt opp til at arbeida med kommunedelplanen Lifjell vert meld opp til Regionalt planforum i Vestfold og Telemark ved to høve: I oppstartsfasen og under utarbeiding av planforslaget.