Midt-Telemark kommune

4. Kva er ein reisemålsprosess?

Planprogram Kommunedelplan for Lifjell 2023-2033

4. Kva er ein reisemålsprosess?

Ein reisemålsprosess refererer til Innovasjon Norges Program for reisemålsutvikling. Prosessen er ifølgje Innovasjon Norge ein krevjande prosess som involverer mange aktørar, om ein ønskjer å oppnå eit godt resultat. Formålet med ein slik prosess er at aktørane på ein reiselivsdestinasjon bestemmer kva ein ønsker med destinasjonen, for å deretter utvikla ein plan for å oppnå dette.

Grunnlaget for ein slik prosess er:

  1. at arbeidet med reisemålsutvikling blir i organisert samsvar med  Prosjektlederprosessen (PLP)
  2. at ein brukar sertifiserte prosessleiarar innan reisemålsutviklinga

Innovasjon Norge kan gå inn med delfinansiering i eitt slik prosjekt med opp til 1,15 millionar, dersom ein bruker sertifiserte prosessleiarar, prosessen blir organisert i samsvar med  Prosjektlederprosessen (PLP), og at Innovasjon Norge får rolle som observatør i styringsgruppa.

Det  gjeld følgjande krav til søkar og søknad per i dag:
Krav til søker: Destinasjonsselskap, næringsforeninger og nettverk kan sette i gang en strategisk prosess for reiselivsnæringen i området. Området prosessen skal gjelde for må være definert. Det er vesentlig for en god prosess at det er en lokal «ildsjel»/prosjektleder som ønsker å dra prosessen og at næringsaktører og kommune(r) forplikter seg til aktiv deltagelse.

Krav til søknad: Det må benyttes en godkjent prosessveileder og arbeidet på reisemålet må organiseres i henhold til PLP-prosessen (se liste på nettsiden). I fase 1 skal det utarbeides en situasjonsanalyse for reisemålet som utgangspunkt for strategien. I dette arbeidet er det en fordel å se strategiarbeidet og analysene i sammen med Merket for bærekraftig reisemål, dersom reisemålet også ønsker å arbeide med Merket. Det er vesentlig med en bred forankring i fase 2. I gjennomføringsfasen kan det være aktuelt å organisere enkelttiltak som egne prosjekter, avhengig av tiltakets art og størrelse.

Det føreligg ikkje ein finansieringsløysing for ein slik prosess på dette tidspunkt. Kommunen har kjennskap til at VisitBø har vurdera ei slik prosess. VisitBø meiner at ein reisemålsutviklingsprosess for bare Lifjell vil ikkje være å føretrekke. Det bør heller planleggast for ein felles reisemålsprosess for heile destinasjon, både i Midt-Telemark og Nome kommune. Reisemålsprosessen blir utsett og bør gjennomførast uavhengig av dette planarbeidet.